04.07-
31.08
Biosenario (Tone Einelia, Kjersti Sletteland)
&
Jan Kåre Myklebust
Koppar & Kar – Salsutstilling
Opningstider:
måndag, onsdag, fredag 20:00-22:00
laurdag: 12:00-14:00 og 20:00-22:00
søndag: 14:00-16:00
NB! Opningstidene er med atterhald om nok vakter
Biosenario er navnet på kunstnarduoen Kjersti Sletteland og Tone Einelia. Dei har jobba saman i over 15 år og har stadig utfordra kvarandre i eit frenetisk samspel i utforming av porselenskrukker, overdekorert av små skulpturar. Verka blir skapt i ein intuitiv arbeidsprosess, der indre tankar og konflikter vil komme til uttrykk. Porselenet og dei dreide krukkene, som er grunnformene til verka, krev at prosessen må gå fort, dette fordi porselenet elles vil tørke ut og stoppa arbeidsprosessen. Biosenario slik vi syner det fram i denne utstillinga, er ein kamp med tida, resultatet er heilt avhengig av at tankar og kjensler får «renne» fritt.
Jan Kåre Myklebust har i 20 år perfeksjonert sine krukker og kar, og jobbar fram sitt kunsthandverk på dreieskiva. Å dreie porselen er i seg sjølv ei risikabel øving. Porselenet er det mest plastiske som fins, og lever i realiteten sitt eige liv. Det krev årevis med terping og repetisjoner for å kunne framstilla så stramme linjer og klare former som Jan Kåre så mesterleg gjer det.