02.05-
25.06


Balestrand Kunstlag har gleda av å invitere til utstillinga Atterlyd med den anerkjende akvarellkunstnaren Morten W. Gjul.


Opningstider Balejazz-helga: 

Fredag 2/5, ope frå 17.00-24.00
Laurdag 3/5, ope frå 08.00-24.00
Søndag 4/5, ope frå 12.00-22.00
 
Andre opningstider frå 5/5 til 25/6, ope i Koralls opningstider.


Eg synest livet kan vere overveldande. Å måle landskap, eller rettare sagt, minne om landskap, er for meg eit forsøk på å skape balanse i det heile. Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, og kloden minner oss på at vi har brukt den hardt og uklokt. Korleis finne meining i alt som skjer? Kor kan vi finne trøyst og ro? "Men verda er vakker ho, om du ser ho frå rette kanten", som Olav Duun skreiv.

Med utstillinga Atterlyd inviterer Gjul publikum til å søke etter ro og meining i naturen – i møtepunktet mellom det kaotiske og det stille. Bilda hans er ikkje tradisjonelle landskap, men visuelle erindringar og symbol: trea, havet og himmelen blir uttrykk for det menneskelege, det forgjengelege og det håpefulle.

Morten W. Gjul er opphavleg frå Gyl i Tingvoll og bur i dag i Bergen. Han har hatt ei rekkje separatutstillingar over heile landet, mellom anna ved Galleri Fenka (Levanger), Galleri Smalgangen (Åsgårdstrand), Hamar Kunstforening, Tingvoll kunstlag og Galleri Oker i Bergen. Han har òg representert Noreg ved internasjonale akvarellbiennalar på Island, i Italia, Sveits, Serbia, Mexico, Finland og Danmark. Gjul er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK), og arbeida hans er kjøpt inn av fleire kunstforeiningar, kommunar og offentlege bygg.

Velkommen til ei stemningsfull og tankevekkande utstilling i kunstens og jazzens rike – midt i Balestrand.


 "Hogstfelt"  (2025 - 76x110cm) - Morten W. Gjul

Elisabeth Knap - "Tittel kommer"  28. juni 2025

 Galleriet på Korall


Morten W. Gjul, Atterlyd –  mai til juni 2025

 Galleriet på Korall


Pattern Language — sept til okt 2024

Galleriet på Korall


Koppar & Kar — juli til aug 2024

Galleriet på Korall


Balejazzustillinga 2024 mai til juni 2024

Galleriet på Korall


Giuseppe Miconi — des til feb 2024

Sogndal Kulturhus


Ingebjørg Støyva  2022

Holmatunet


Balejazzustillinga 2022 — Aase Kvikne Bjordal

Holmatunet






Org No. 997 191 102 – 
Registrert i Frivillighetsregisteret
 Epost